Side Brok
Billetter i salg fra torsdag kl. 10.00
DATO
Lørdag 28. november 2026
DØRENE ÅPNER TID
19:00 20:00
ALDER
18+ (12+ med verge over 23 år)
VERGEORDNING
PRIS
490 + avgift
Billetter i salg fra torsdag kl. 10.00
Laurdag 28. november tek Side Brok med seg rabalderet til USF Verftet i Bergen. Konserten blir siste stopp på bandet sin haustturné, som markerer eittårsjubileet til albumet All verda.
Det er 26 år sidan Side Brok vart danna, og etter eit sterkt år med nye låtar, utselde konsertar og festivalstemning er bandet klare for ein ny runde på vegen. Singelen Esso har allereie fått status som ein moderne klassikar i Side Brok-universet, medan den ferske Kjærleik er kjærleik sette publikum i høggir då bandet spelte på Bergenfest i juni.
Sidan lanseringa av All verda har Side Brok spelt utselt i mellom anna Oslo, Bergen og Ålesund. I sommar har dei dessutan vore innom Bygdalarm, Balestrand Badeklubb og Jugendfest, med det som blir skildra som eit ekstatisk Bergenfest-publikum som eit av høgdepunkta.
Haustturneen startar i Propellhallen i Volda 17. oktober, før Byscenen i Trondheim 29. oktober og Sentrum Scene i Oslo 20. november. Laurdag 28. november rundar Side Brok av turneen på USF Verftet.
Side Brok vart danna i 2000 og debuterte med Side Brok EP i 2002. To år seinare kom Høge brelle, etterfølgt av Årets Urørt, by og Spellemann-nominasjon. Sidan har bandet halde det gåande med album, EP-ar, mixtapes og intensive turnéperiodar. All verda er det femte albumet frå Side Brok-leiren, og kom også ut på LP.